Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie – Helvetet

Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie – Helvetet, er teikna av Marcello Toninelli, og vart presentert for lesarar i Italia fyrste gong i 1968. Etter nokre endringar kom han ut i bokform i 2004. Serien inneheld 92 sider med teikneseriestriper i svart/kvitt som fylgjer vegen til Dante gjennom Helvetet, med alt frå ein til seks sider for kvar song i Komedien.

dante-omslag
Dante:
Den guddommelege komedie – Helvetet
Teikna av Marcello Toninelli
Omsett av Bodil Moss
© TransFe:r, Marcello Toninelli og Bodil Moss
ISBN: 978-82-92635-01-8
Sats: Mari Dyrkorn Tjora
Pris: 250 kr
Status: På lager
Bestill boka av forlaget, via Audiaturbok.no eller via din lokale bokhandel.

Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie – Helvetet, er teikna av Marcello Toninelli (f. 1950 i Italia). Dette er ein teikneserieparodi som fyrste gong vart presentert for lesarar i Italia i 1968. Etter nokre endringar kom han ut i bokform i 2004 som Dante: Divina Commedia a fumetti – Inferno, fyrste bok i ein trilogi som fikk stor merksemd i Italia.

Serien inneheld 92 sider med teikneseriestriper i svart/kvitt som fylgjer vegen til Dante gjennom Helvetet, med alt frå ein til seks sider for kvar song i Komedien. Teiknaren Marcello Toninelli har halde seg tett opp til originalen, men har med ein humoristisk vri klart å aktualisera stoffet og bringa Dante nærare vår samtid.

Teikneserien er omsett av Bodil Moss (f. 1972 på Fåvang, busett i Bergen). Ho har òg skrive eit etterord der ho fortel litt om omsetjingsprosessen. Denne utgjevinga handlar om omsetjing på mange plan, frå ei historisk tid til ei anna, frå eit epos på vers til teikningar med snakkebobler, frå Dantes italiensk til Marcello sin versjon av språket, og til slutt inn i Bodil Moss sin flotte, moderne nynorsk.

Serien blei lansert 28. september 2007 i samband med Raptus – Den internasjonale teikneseriefestivalen i Bergen, der Marcello sjølv var tilstades.

I forkant av lanseringa vitja Marcello dei seks Dante-foreiningane i Noreg med føredrag om Dante-utgjevinga særskilt, og heile sin teikneserieproduksjon generelt.

Alle originalutdraga i boka er henta frå Magnus Ullelands omsetjing Den guddommelege komedie, 2. utg. frå 2000, Gyldendal Norsk Forlag AS, og gjengjeve med tillating frå omsetjar og forlag.


Omtale av boka:
– I nettavisa for Universitetet i Bergen, På Høyden, 2. oktober 2007.
– I vekeavisa Dag og tid, nr. 40 (5.-11. oktober 2007). Berre i papirutgåva.
– I Gudbrandsdølen Dagningen (Heile intervjuet er å finne i papirutgåva, 10. oktober 2007.)
– Morten Harper: «Humorhøsten», i Dagens Næringsliv 12. oktober 2007. Felles omtale av Pondus, M, Kollektivet, Karstein Volles «På tro og ære – 50 fakta fra verden» og «Dante: Den guddommelige komedie som teikneserie – Helvetet». Berre i papirutgåva.
– Espen Grønlie i klassikerspalta «Grønlies antikvariat» i Morgenbladet 14.-20. desember 2007, (der teikneserien er brukt som utgangspunkt for ein diskusjon omkring kvifor Dantes verk kallast ein komedie)
– I SNITT, Magasin for visuell kommunikasjon, 5&6 2007. Melding av Stian F. Kristensen. Utdrag: «Samtidig er serien grundig og helhetlig – Toninelli virker trygg på både materialet og streken.»
(…)
«Uansett, til tross for at den tørre humoren til tider oppleves som en anelse pinlig, er dette jevnt over en hyggelig liten bok fra det nye forlaget TransFe:r. Oversettelsen virker stødig, og utgivelsen gjennomarbeidet. Forhåpentligvis oversetter de resten av bøkene i serien i samme slengen!»
– På www.serienett.no (10.01.2008) gjev Frank Flæsland ein kort men fin omtale, med blikk på kva sjølv lesarar utan erfaring med Dante kan ha glede av.
– Boktips av Arild Torvund Olsen på Nynorsksenteret sine sider nynorskbok.no
(14.11.2008).

Legg igjen en kommentar